Attraksjoner

Hjørundfjorden

Ein praktfull 35 km lang fjord omkransa av taggete og loddrette fjell opp mot 1600 m.o.h.

Ivar Aasen tunet

Heimplassen til diktaren og språkforskaren Ivar Aasen, med nytt og spanande kultursentrum for nynorsk språk og skriftkultur.

 

Tinderuta – Standalseide
Follestaddalen og vidare oppover fjellheimen. Ynskje ein det, kan ein nytta hest og kjerre over standalseidet. 
 

Norangsdalen / Dronningruta

Eit av dei trongaste dalføra i Noreg, med mellom anna Lygnstøylvatnet, som vart til då eit ras demde opp elva i 1908. Ein kan enda sjå hustuftene på botnen av vatnet. Ved Skylsta kjem ein inn i ein naturkatedral, ”bygd” av tindar som Skruven, Slogen, Litlehorn, Smørskredtindane og Jakta. Sju europeiske dronningar har teke turen gjennom Norangsdalen.
 

Den julianske borg på Grøthornet

Ein låg, steinsett labyrint ved Grøthornet på Daleheia om lag 900 meter over havet. Slike labyrintar vert kalla ”trojaborger”, og ein finn slike fleire stader i Europa, men dette er den einaste kjende mellom Finnmark og Oslofjorden. Den stammar truleg fra bronsealderen eller byrjinga av eldre jarnalder. (1500 f.lr – Kristi fødsel)
 

 

 

Kvernhus ved Skorgeelva

Tre restaurerte kvernhus. Kontakt John Welle for meir informasjon på tlf: 73 06 64 13.

 

Restaurerte hus på Bjørke

Eit 125 år gamalt hus og ei om lag 400 år gammal tingstove på tuna på Bjørke. Kontakt Perry Bjørke eller Kari Ann Bjørke på tlf: 70 04 10 53 for meir informasjon eller omvisning.

 

Restauret kvern

Resturert kvern (1804) og kvelvingsbru (1864) på Ytre Standal .

 

Fiske- og fangstmuseet på Vartdal

Kontakt Per Inge Myklebust for omvising på  tlf: 70 04 23 13 / 70 04 21 50.

 

Brudavolltunet

Koseleg utflukt for familiar med born. Tlf: 70 06 15 52 v/ Karin og Per Jarle Trandal .

 

Brudavolltunet

Bygdemuseum med natur og kultursti.

 

Bjørdalsvatnet, "Huldrestien"

Flott naturområde og ein fin familietur både med sykkel eller barnevogn. Rikt fugleliv!