English (UK) Norwegian

Aktivitetar Meny

  • Fjellturar
  • Jakt
  • Klatring
  • Flyging
  • Para-gliding
  • Bading
  • Riding
  • Ski
  • Andre moglegheiter

Aktivitetar

I ørsta og området rundt, finnes det et stort utvalg aktiviteter å ta  seg til med. På denne siden finner du noen av dem, og litt beskrivelse  av de forskjellige aktivitetene.

Fjellturar

Ørsta og Sunnmørsalpane byr på eit  eldorado for alle former for fjellturar – både sommar som vinter. Og det  er ikkje berre ekstremturar. Ein finn mange gode turar for alle nivå.  Gode turforslag finn ein mellom anna.

Jakt 

Det er gode moglegheiter både for hjortejakt og småviltjakt. Ta kontakt for nærare informasjon.

Klatring 

Ynskjer du meir luftige utfordringar er Molladalen verdt eit besøk. Her  finn ein vel 60 ruter med grad 3 – 7. Men også andre stader som  Kyrkjesteinen i Skorgeura (grad 3 -8) Toskefloget (grad 7-8) eller eit  av klatrefelta i Hjartåberga/Aldalen (Austefjorden i Volda kommune)(grad  3-7) kan vere verdt eit besøk. Ein del av fjella i området har også  innslag av klatring/klyving for å kome til topps. For guida turar eller  kurs kan ein ta kontakt med.

Flyging

Volda Ørsta flyklubb driv klubb og skuleflyging med både motor og mikrofly.

Para-gliding

Volda og Ørsta Himmelseglarlag Volda og Ørsta  himmelseglarlag har fleire hoppstader i distriktet, og har også  tandemturar og paragliderkurs. Kontakt himmelseglarane for meir  informasjon

Bading

Sandstrand og friluftsområde rett ved resepsjonen. Andre badeplassar finn ein ved Hovdevatnet i Hovdebygda, Vaulen ved Rjåneset eller Vatnesanden ved Vatnevatnet.

Riding

Brudevoll gard (Tlf. 70 06 71 05) har fjordhestar til utleige, og arrangerar turar i skog og fjellterreng. Vil ein heller prøve tur med hest og kjerre mellom Sunnmørsalpane kan ein ta kontakt med Kolås skysstasjon (Myklebusetra) på telefon 70 06 85 18.

Ski

Om vinteren er området eit eldorado for ski og skileik i  alle vanskelegsgradar, med mange fjelltoppar og gode skianlegg

Andre  moglegheiter

Området ligg også godt til for  dagturar til dømes til Runde, Geiranger, Hjørundfjorden. Norangsdalen,  Briksdalsbreen, Ålesund eller vestkapp/Stadt.
  • x